Utskriftsvennlig versjon

Ordningsprinsipp

NKS arkivnøkler for kommunane og for fylkeskommunane

Desse arkivnøkkelstandardane vart utvikla av Norske kommuners sentralforbund (no KS). Kommunenøklane hadde to fellesklassar 0-1, fylkeskommunenøkkelen tre 0-2. Felles for begge nøklane var at fellesklassane og dei resterande fagklassar på førhånd var spesifiserte og utbygde. Sjølv om nøklane er gått ut av produksjon og ikkje vert vedlikeholdt av KS, er det fleire kommunar og fylkeskommunar som brukar eigenreviderte utgåver av kommunenøklane.

Nøkkelen byggjer på sakinnhald og tital-systemet og har denne hovudoppdelinga (klasser):

0  Organisasjon og administrasjon
1  Økonomisk administrasjon og eigedomsadministrasjon
2  Kyrkje-, skule- og andre kulturføremål
3  Sosiale tiltak
4  Helsevern, miljø- og naturvern
5  Tekniske oppgåver
6  Næringsdrift
7  Samferdsle
8  Rettsvern, vernebuing, krise- og kontrolltiltak
9  Ymse

Oppdelinga kan førast vidare etter tital-systemet med fleire siffer der det er naturleg.  For meir informasjon sjå i Arkivnøkkelen.

Kvam herad arkiverer saksmappene på arkivsaksnummer, men bruker arkivnøkkelen for å kunne søke opp saker i systemet som omhandlar same emne.

Laster...