Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Ansvar for tildeling og ajourhald av brukarroller i websak

Systemansvarleg/IT har hovudansvar for tildeling og ajourhald av brukarrettar og tilgangar til registrerings- og arkiveringsfunksjonar.

Ajourhald av brukarrettar:

  • Systemansvarleg/IT har ansvar for at brukarrettane vert ajourhaldne kontinuerleg.

Leiaren har ansvar for at systemansvarlege vert informert/varsla om:

  • tildeling av brukarrettar til nye personar i sak/arkivsystemet.
  • personar som ikkje lengre skal ha brukarrettar i sak/arkivsystemet.
  • endringar av ein persons brukarrettar i sak/arkivsystemet.

det kan skje slik:

  • ved ny tilsetjing.
  • ved endring i stilling som fører til endra rettar i sak/arkivsystemet.
  • når tilsette sluttar.

Meldinga skal innehalda:

  • Den tilsette sitt fulle namn og stillingstittel, e.postadresse, tlf.
  • Nøyaktig dato for endring av brukarrettar/oppretting av ny bruker/stopp av brukarrettar.

Spesifisering av kva tilgangar og rettar den tilsette skal ha, eller evt. stopp av tilgangar.

Meldinga skal gjerast på eige skjema som vert registrert i web-sak

Ajourhald av brukarrettar i sak/arkivsystemet er grunnleggjande for tryggleiken i systemet, t.d for å sikra at sensitiv informasjon ikkje kjem på avvegar. Tildeling av brukarrettar er difor leiaren sitt ansvar. Skjema for tilgangar og endring av tilgangar er eit og same skjema.  Du finn skjemaet på intranett under filarkiv.

Laster...