Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Kvam herad 1.5.2019

Arkivplanen er under arbeid. Innhaldet er difor ikkje endeleg utforma.

Arkivplan for Kvam herad

Arkivplanen skal sikre at Kvam herad tek i vare arkivansvaret etter § 6 i arkivlova:

Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid.

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for behandling av all informasjon og dokumentasjon i Kvam herad. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene.

Rådmannen har arkivansvaret

I kommunen er det rådmannen som har det overordna arkivansvaret, jf. kommunelova § 13-1 og arkivforskrifta § 1. Arkivleiar er delegert den operative oppfølginga av kommunen sin arkiv- og dokumentasjonsforvaltning.