Arkivplan.no

Kvam herad 1.5.2019

Arkivplanen er under arbeid. Innhaldet er difor ikkje endeleg utforma.

Arkivplan for Kvam herad

Arkivplanen skal sikre at Kvam herad tek i vare arkivansvaret etter § 6 i arkivlova:

Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid.

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for behandling av all informasjon og dokumentasjon i Kvam herad. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene.

Rådmannen har arkivansvaret

I kommunen er det rådmannen som har arkivansvaret. Som rådmann i Kvam herad oppmodar eg alle medarbeidarar om å setja seg godt inn i og følgja retningslinjene i arkivplanen.

Anita Hesthamar

Rådmann, Kvam herad