Kommunen er organisert i fire kommunalavdelingar direkte underlagt rådmannen. Kvar avdeling er leia av ein kommunalsjef. Kommunalsjefane utgjer rådmannen si leiargruppe.
Einar Hauge er rådmann i Voss kommune.
Rådmannen er den øvste administrative leiaren i kommunen, med overordna ansvar for å leie og utvikle Voss kommune og dei over 1200 tilsette. Han har ansvar for at saker som vert lagde fram for politisk handsaming er forsvarleg utgreidde, og at vedtaka vert iverksett. Rådmannen rapporterer til formannskap/ordførar.
Dei fire kommunalavdelingane er
- Kommunalavdeling helse og omsorg
- Kommunalavdeling oppvekst
- Kommunalavdeling teknisk
- Kommunalavdeling kultur og fritid
I tillegg har kommunen ein eigen stab som er direkte underlagt rådmannen.
Staben har ansvar for følgjande område:
- Strategisk personalutvikling - personalpolitikk - personaladministrasjon
- IKT: Drift, utvikling og brukarstøtte
- HMS: Helse, miljø og sikkerheit, koordinering av IA arbeid (inkluderande arbeidsliv)
- Koordinering av beredskapsarbeidet
- Miljøvern
- Opplæring/kompetanseutvikling
- Organisasjonsutvikling, overordna planlegging
- Økonomi, rekneskap, skatteinnkrevjing, fakturering og innkrevjing
- Innkjøp
- Arkiv/dokumentsenter og servicetorg
- Polistisk sekretariat
- Informasjon (internett og intranett)
Laster...