Arkivtenesta i Voss kommune er organisert med eit felles postmottak og sentralarkiv for alle einingar i kommunen. Arkivtenesta er lokalisert på Tinghuset på Voss.
Felles saksarkiv, gbnr-arkiv og planarkiv vart fullelektronisk frå 09.03.15.
Voss kommune planleggjer felles elektronisk personalarkiv og felles elektronisk elevarkiv frå hausten 2017.
Arkivskaparar i Voss kommune er sentraladministrasjonen og alle dei ytre einingane. Elektroniske arkivdeler samt møtebøker og personalarkiv er samla på Tinghuset.
Fylgjande kommunale einingar/fagavdelingar journalfører inngåande post i eige fagsystem/papirjournal:
Skulane (dokumentasjon i elevmapper)
Kommunale barnehagar (dokumentasjon i barnemapper)
Helse- og omsorgsavdelingar (klientarkiv)
Barnevern (klientarkiv)
PPT (klientarkiv) fram til mai 2018.
NAV Voss (klientarkiv)
Aktive elektroniske arkiv i Voss kommune er :
Fellesarkiv Voss kommune
Voss Eigedom AS
Voss Idrettshall KF
Voss kommunale bustadstifting
Vossabadet KF
Aktive elektroniske arkivdeler i Voss kommune er :
Saksarkiv
Gbnr- arkiv
Personalarkiv
Personarkiv PPT - frå mai 2018
Plansak-arkiv
Saksarkiv Voss Eigedom AS
Saksarkiv Voss Idrettshall KF
Saksarkiv Voss kommunale bustadstifting
Saksarkiv Vossabadet KF
Aktive arkivdeler på papir er :
Kopiarkiv avtaler (originale papiravtaler)
Møtebøker (avslutta 31.12.18)
Personalarkiv
Elevarkiv
Barnehagebarnarkiv
Klientarkiv helse
Klientarkiv barnevern
Klientarkiv PPT (avslutta mai 2018)
Alle arkivskaparar skal vedlikehalda arkiva i samsvar med reglar i arkivplanen.
Arkivleiar skal kvalitetssikre arkivet etter reglar for arkiv.
Laster...