Saksbehandler har ansvar for å:
- Levere personleg adressert post i papir til Dokumentsenteret for journalføring.
- Registrere e-post motteke i personleg kommunal epostkasse i sak/arkivsystem.
- Ha oversikt over kva saker som er til handsaming ved hjelp av saksbehandlingssystem/fagsystem.
- Kontrollere at riktig offentlegsvurdering er gjort.
- Produsere all dokumentproduksjon i sak/arkiv-system / fagsystem.
- Avskrive inngående og interne dokument som er handsama.
- Ekspedere elektronisk/sende ut utgåande post.
- Avslutte arkivsaker etter kvart som dei er ferdighandsama.
Saksbehandler kan opprette ny sak i Public360. Arkivet legg inn arkivkode på saka og endrer frå status R til status B. Som hovudregel skal ikkje sak graderast. Saksbehandler skal
- velge korrekt sakstype
- knytte saka til rett arkivdel.
- føre på referansar og eventuelt knytte saka til prosjekt.
Når saksbehandler oppretter sak skal den få saksstatus R - Reservert.
Saksbehandler skal velge status AS - Avslutta av saksbehandler når ei sak skal avsluttast. Før avslutning må alle inngåande journalpostar vere avskrivne og utgåande dokument vere ekspederte/ferdige. Dersom saksbehandler ønskjer å opne ei avslutta sak skal ein kontakte Arkivtenesta.
Dokumentsenteret oppretter saker ved registrering av 1. inngåande dokument i ei sak, eller på bestilling av saksbehandler.
Laster...