Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsreidskap i Voss kommune.
Målet er at alle som handterer dokument som vert til i verksemda, skal kunna finna informasjon om kva retningsliner som skal følgjast, og kva løysingar kommunen har på arkivområdet.
Arkivplanen skal oppdaterast når :
- ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel
- det skjer endringar i post- og arkivrutinar
- det vert teke i bruk ei ny arkivnøkkel
- ei kommunal eining tar i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon
- kommunale einingar vert lagt ned eller oppretta
- det blir oppretta eller lagt ned styre eller utval
- det vert gjort vesentlege endringar i kommunen sitt delegasjonsreglement
- kommunale oppgåver vert overført til verksemder utanfor kommunen
Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjon som er i arkivplanen. Om registrerte opplysingar ikkje er korrekte eller endringar vert gjort, skal arkivleiar kontaktast via postmottak@voss.kommune.no
Arkivleiar har det daglege ansvaret for at alle verksemdene følgjer retningslinene i arkivplanen.
Laster...