Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Politisk organisering

POLITIKK

Heradsstyret er det øvste politiske organet i kommunen og vert vald kvart 4. år. Heradsstyret gjer vedtak på vegne av kommunen i alle saker der vedtaksmyndet ikkje er delegert vidare til andre.

Heradsstyret vel formannskap og mellom medlemmene i formannskapet, ordførar og varaordførar. Formannskapet handsamar og gjev innstilling til vedtak om årsbudsjett og økonomiplan, kommuneplan og i andre overordna saker som skal avgjerast av heradsstyret.

Heradsstyret kan elles opprette eller leggje ned faste uval med visse oppgåver eller med ansvar for deler av den kommunale verksemda, når ein finn dette tenleg. Heradsstyret fastset sjølv arbeids- og ansvarsområde for slike utval.

Illustrasjonen under viser den politiske organiseringa i Kvam. Me har ein eigen politikarportal der fokus er på presentasjon av utval, sakskart og saksdokument.

Laster...