Arkivplan.no
Utskriftsvennlig versjon

Internkontroll og årshjul

Jf. forskrift om offentlege arkiv § 4 skal den øvste leiinga i organet sjå til at arkivarbeidet blir omfatta av organets internkontroll. Kvam herad har valt å nytte Compilo som verktøy for kommunen sin internkontroll, jf. kommunelova kapittel 25.

I dette systemet blir alle rutinar, retningslinjer, instruksar, handtering av avvik, beredskap, rapportar og planar skildra. Dette er godt forankra i kommunen, både hjå leiinga og tilsette.

Arkivplanen skal i all hovudsak nyttast som eit arbeids- og styringsverktøy for arkivleiar i kommunen og skal legge vekt på å skildre særleg tema og punkt som ikkje står skildra i kommunen sin internkontroll.

Brukarrettleiing for Compilo finn du her:

https://x02.ksx.no/system.php?item=3645&ok=6z9mwh4j1fcxqr2 

Compilo skildrar:

Arkivplanen skildrar:

- einingane sine rutinar, retningslinjer og instruksar

- arkivtenesta sine rutinar, retningslinjer og instruksar

- kommunen sine strategiar og planar

- bevaringsvurderingar og kassasjon

- beredskap

- arkivoversikt

- overordna planlegging

- depot

- avvik og handsaming av avvik

- periodiserings- og deponeringsplanar

- årshjul

- strategi for arkivtenesta

- informasjonstryggleik

 
Laster...